Eitt år etter at regjeringa fekk gjennomslag for såkalla utsiktsstøtte, er søknadskriteria enno ikkje på plass.

I jordbruksoppgjeret sist vår fekk regjeringa, med skepsis frå Bondelaget, gjennomslag for ei tilskotsordning for rydding av kulturlandskap. Retningslinene for korleis ordninga skal organiserast, er framleis ikkje på plass, skriv Nationen.Den 15. mars i år sende Landbruksdepartementet eit forslag til forskrift ut på høyring med høyringsfrist 11. april. Der legg regjeringa opp til at ein kan få dekt 70 prosent av kostnadane, og at dei siste 30 prosentane føreset ei samfinansiering med eigeninnsats.Det er sett av 20 millionar kroner til tiltak i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal på budsjettet for i år.– Det er ingen katastrofe om ordninga ikkje kjem på plass. Det gjer ikkje noko om det vert pengar til overs til andre føremål, seier Per Skorge, generalsekretær i Bondelaget, til avisa.

(©NPK)