”Dampen” var det sentrale. Frå gamle bilete ser ein born og kvinner med stakk og skaut og hekla sjal i stor flokk. Ikkje nyfikent bisnande frå bakhaldet, nei, i fremste rekke på kaia.

Dette er eit unikt sanningsprov. Slik var det når desse store dampskipa kom til ei avstengd lita bygd. Eit nymotens vidunder, og ein er med i den store verda! I vår gutetid blei biletet godt innarbeidd, og dette med båtane var noko vi kunne alt om, i vår verd.

Båtane hadde fått styrehus på denne tida, ikkje berre open bru som alle hadde fram til 1920 åra, men dette visste ein lite om som sju-, åtteåringar. Derimot hadde ein god greie på, med anna, vinsje-spela, alle dampdrevne, og bråka noko fælt.

Damp og atter damp

Springvinsjen framme i bakken, og heisevinsjen for lasta like framfor lasterommet. Så godt som rett over andre-klasse-salongen med køyebriskar som ein kunne hekte opp. Nei her var det ikkje mykje nattero. Og så heisevinsjen på bakdekket, like framfor dei halvopne maskinromvindauga, ”skylight”, som dei vart kalla, ”himmellys”. Her steig det opp damp og varme med den karakteristiske lukta, som mange vart kvalme av, men som andre elska, lukta av ekte dampbåt.

Omkring dette området flokka ein seg gjerne, dei reisande som ikkje hadde råd til å kjøpe sovebrisk med putekodde framme i baugen. Medan dei ”velbeslåtte” kunne stige endå eit trinn høgare og ”ta inn” på første klasse akter på båten, med lugarar under, og spisesalong over dekk.Tilbake til vinsjane, der dampen ofte hylla heilt inn matrosen ved spaken. Ja, spaken! Eller sveiva. Dette var heile mekanikken. Bommane måtte manøvrerast med tau og taljar. Ein matros på kvar side av luka og båtsmannen ved luka som bas og signalmann, og endeleg eit par, tre karar nede i lasterommet. Neppe særleg økonomisk, spør du meg!

Manøvrering

Vi gutane var storleg imponerte over matrosen som kasta fanglina, ofte frå veldig langt frå kaia, samstundes med eit par, tre kling frå maskintelegrafen for halv fart akterover til oppbremsing.

Så skulle den tunge trossa halast opp og smettast over påle-enden framfor inste lagerbua, dette kravde sin mann.Dette var ”spring-trossa”, som kunne vere livsfårleg, der det gjerne stod folk i nærleiken når denne strama seg som ein fiolinstreng og skaut sidevegs når framskipet blei ”slengt” mot kaia. Husk dette var ei stor dampmaskin og neppe særleg finmanøvrert. Maskinen måtte ein snu rotasjonen på når ein skulle bakke. Dette var eit kunstgrep som måtte gjerast for kvart einaste ”anløp”, ved kompliserte manøvreringar fleire gonger ”på sekundet”. Men det kunne feile også her, som den gongen ein ikkje fekk stoppa opp i tide. Fanglina vart kasta som vanleg, og i hastverk fekk ein hala opp trossa og så vidt tredd den over den første ankringssteinen (som vist på det store biletet). Men båten berre seig fort vidare og ein frykta at heile trossa ville spole ut og falle til botnars. Men mannskapet fekk til slutt låst den i pullertane. Heldigvis heldt båten seg på djupna. Så blei det vinsjing. Maskinisten hadde vel også fått maskinen til å lystre.

Skodda

Naturfenomenet skodda var, særleg i den tid, utan radar og andre elektroniske navigasjons- hjelpemidlar, eit lunefullt risikomoment. Ja, det er utruleg at ein kunne gå for full fart så godt som i blinde. Ein hadde kompass og stoppeklokke, men det var straumar og vind som ein måtte kalkulere inn, så det gjekk ikkje alltid bra, det var mange grunnstøytingar, også ein gong ved ”Steinsåk-landet”. Båtane frå Innvik gjekk i line mot ”Askjen”, bustadplassen mellom kaia og Doksetøyra, og svinga så vest mot kaia. Denne gongen må styrmannen ha misrekna overfarten og svinga for seint. Slik gjekk det rett på land. Det blei eit fæla opptrinn, men heldigvis kom den av utan nemneverdig skade.

Eit uventa bisn vart det i alle fall for dei mange som la på sprang dei rundt tre hundre meterane aust til strandingsplassen.

På brua: Skipsoffiserar på open bru. (Ukjent opprinnelse)
Var det sentrale: Folkesamt ved Dampen. (Utsnitt av gammalt foto)
Idyllisk: Idyll ved Blaksetnausta. Foto: Kåre Nygård