Etter framvising av filmen Mrs Chatterjee vs Norway på Stryn kino i kveld arrangerer foreininga Barnets Beste ein kort debatt med frammøtte og deltakarar over Teams.

Det opplyser møteleiar Tor Åge Berglid i ei pressemelding. Han fortel at det og vert mogleg å stille spørsmål frå salen eller via Teams.

Han opplyser at filmen vert vist i over 130 land, og etterkvart på fleire digitale plattformer som Netflix td.

– Fyrste helga vart traileren vist over 30 millionar gangar, og filmen har fått god omtale. Under vår parole «Vakn opp Noreg», viser vi til store oppslag i utanlandske media og ein debatt som går i utlandet. Eit stort engasjement som burde møtast med interesse frå norske media og politisk i Norge. Filmen tek opp kulturelle skilnadar, og er ikkje ein film mot barnevernet, men ein snill versjon med 9 års aldersgrense og viser ei helit ordinær barnevernsak frå Norge. Saka var ei av dei fyrste som gav stor merksemd frå India, og etterkvart har tilsvarande engasjement funne stad i andre land. I tillegg har Norge no rekord med over 40 saker for Den Europeiske Menneskerettsdomstolen, seier Berglid.

Han meiner filmen bør interesse alle foreldre og nær familie, fagfolk med meldeplikt, og ikkje minst dei med politisk ansvar og andre med eit engasjement for barnets beste.

– Gro Hillestad Thune, tidlegare dommar i menneskerettsdomstolen har uttalt til VG at filmen bør gjere at norsk barnevern «våkner».

Ho vil delta på Teams etter filmen og vere tilgjengeleg for spørsmål.

I tillegg vil Berit Aarset, tidlegare leiar i Human Rights Alert Norway, delta i Stryn med innsikt i saka som er basis for filmen.

Geir Kjell Andersland er advokat med særleg kompetanse i barne- og familierett. Han har vore regiondirektør i Bufetat og fylkesnemndsleiar i Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Statsarkivar Yngve Nedrebø trekkjer dei store linjene og har innsikt i ulike granskingar og resultat av slike. Granskingar i Samnanger og ikkje minst i Bergen der byrådet måtte gå av som følge av rapportar om alvorlege misforhold, seier Berglid.

– Dette er ein sjanse til at politikarar, media og andre med interesse får innsikt i barnevernet og rettsvesenet. Foreininga og panelet vil sette fokus på behovet for lokale granskingar i valåret som kjem sidan barnevernet no er tillagt enno meir ansvar. Ein må vite og ikkje anta eller tru. Meir openheit, meir demokrati og aldri meir naivitet er ord som forpliktar, seier møteleiar Tor Åge Berglid.