– Kva inneber det å ta på seg å vere støttekontakt?

– Som støttekontakt hjelper du eit anna menneske å delta på aktivitetar og få eit meir sosialt liv. Ein får oppdrag nokre timar i veka og får timebetalt av kommunen.

– Kven kan bli støttekontakt?

– Ein må vere er ein påliteleg person som likar folk, og helst over 18 år. Dersom ein blir spurt om å vere støttekontakt for ein person ein kjenner, kan ein vere 16 år. Ein må også levere politiattest før ein kan bli støttekontakt.

Aktiv og meiningsfull fritid

Ein kan bli støttekontakt for ein person med fysisk eller psykisk funksjonshemming, eller ein som har behov for praktisk hjelp.

– Felles for alle er at dei har behov for assistanse for å få ei aktiv og meiningsfull fritid, seier Heggdal.

Støttekontakt er etter pasient- og brukarrettslova § 2-1a, eit tiltak for personar som har behov for dette grunna ulike funksjonsnedsetjingar, alder og sosiale problem. Støttekontakt tilbyr sosialt samvær etter behov, og følgje til ulike fritidsaktiviteter.

Føremålet er å bryte sosial isolasjon og bidra til ei meiningsfull fritid. Fritidstilbodet skal vere basert på brukaren sitt ønske, behov og føresetnader. Tenesta er gratis for brukaren.

Slit med å få nok

– Stryn kommune slit med å få tak i nok støttekontakter, seier einingsleiar Åshild Heggdal.

– Vi har òg sett at det har blitt ein trend i seinare tid at når vi får nokon til å ta oppdraget, trekker dei seg etter relativt kort tid.

– Kva kan folk gjere om dei har lyst til å bruke nokre timar i veka på å vere støttekontakt?

– Vi er kontinuerleg ute etter støttekontakter, så om det er nokon som ynskjer å ta på seg eit sånt oppdrag kan dei berre ta kontakt, seier Åshild Heggdal, einingsleiar miljø og velferd i Stryn kommune.