– Politiet har fått ei rekkje meldingar om båten som tydelegvis har drive ut frå ein eller annan stad, og lagt seg på sandbanken mellom moloen og Visnes, fortalde politibetjent Malin Sørensen tysdag føremiddag.

I Stryn var det fjøre sjø klokka åtte tysdag morgon, og det vert flo klokka 14.15. Det betyr at båten mest truleg vil få vatn under kjølen om to-tre timar og flyte avgarde, dersom eigaren ikkje dukkar opp og sikrar båten sin.

Oppdatering: Rett før kl 12.00 kunne Malin Sørensen fortelje at båteigaren, takka vere oppslaget på Fjordingen si nettside, hadde blitt merksam på kvar båten hans var, og teke kontroll på farkosten.

Båten er av eldre modell med to seter framme og ein eldre påhengsmotor. Foto: Bengt Flaten