– Vi hadde vel håpa at vi fekk nokre ekstra kroner, sidan vi gjorde vedtak om kommunesamanslåing før fristen 1. juli, seier økonomisjef i Hornindal, Brita Sollid.

Måndag hadde ho og rådmann, Ann Kristin Langeland, møte med Fylkesmannen. Då vart det klart at det ikkje kjem ekstra midlar til kommunen som følge av samanslåinga med Volda, slik dei hadde håpa på.

Det lova eingongstilskotet for kommunesamanslåing kjem ikkje før Stortinget har gjort sitt vedtak om kommunesamanslåing, og dette tilskotet vil då gå til den nye kommunen.

I det framlagde statsbudsjettet for 2017 er Hornindal gitt ei inntektsauke på 1,2 prosent, noko som ikkje svarar til prisveksten på kommunal tenesteyting, som ligg på 2,5 prosent.

– Det blir ei kjempeutfordring å få budsjettet for 2017 i balanse med så få ekstra midlar. Med berre 1,2 prosent i inntektsauke så har vi ikkje nok til å dekke løns- og prisveksten, og dermed må vi gjere kutt i drifta av kommunen. Det blir jo sjølvsagt smertefullt, seier Sollid.