Kjell Mork Soot med dei fire kattugleungane som har fått reir i botnen av ei fire meter høg pipe. (Foto: Lars Danielsen Holen) Foto: Lars Danielsen Holen

Feriegjestene til Idar Holen på Robjørgane i Stryn tok kontakt med husverten då dei plutseleg høyrde lyder inne i pipa.

-Vi leiger ut eit feriehus på Robjørgane, og søndag morgon kom det nederlandske paret og lurte på om vi visste noko om kva som rørte seg inne i pipa. Det gjorde vi ikkje. Men ein kik inn sotluka gav svaret. Der såg vi reiret med fire kattugleungar heilt i botnen av den fire meter høge pipa. Heilt utruleg, seier husvert Idar Holen.

Les meir i papirutgåva

Ein av dei fire ugleungane som vart tekne ut og ringmerka. (Foto: Lars Danielsen Holen) Foto: Lars Danielsen Holen