Base Camp har fått inndrege skjenkeløyvet sitt dei tre første vekene i september. Foto: Ove Sveen

Vedtaket i Stryn formannskap vart gjort med fire mot tre stemmer slik rådmannen hadde gått inn for. Mindretalet røysta for inndraging i to veker slik sal- og skjenkekontrollen gjekk inn for.

Det var natt til søndag 9. mai i år at skjenkestaden gjekk utover regelverket. Av politirapporten går det fram at politiet klokka 03.55 var ute på patrulje i Stryn sentrum då dei oppdaga aktivitet på Base Camp med discolys, høg musikk og høglytte festlydar. Med bakgrunn i regelverket om skjenketid fram til klokka 02.00 og ein halv time for påfylgjande konsumtid, ville politiet føreta kontroll. Kjettingen opp til lokalet var stengt, men døra var open slik at dei kunne gå inn i lokalet. Av rapporten går det elles fram at det var rundt 15 personar inne i lokalet. Fleire drakk både av halvliterglas og flasker. Bartenderen som var merkbart rusa, stod bak disken. Han fekk beskjed om å stenge av musikken og få gjestene ut, noko som straks vart gjort.

Politiet kunne ikkje påvise at skjenkinga skjedde over disk etter klokka 02.00, og styraren av skjenkeløyvet har i sitt svar hevda at episoden ikkje kunne sjåast på som brot på skjenkebestemmelsane. Han har hevda at det var kameratar som sat igjen etter skjenketid som ville kose seg med ein øl eller to, og at det utvikla seg vidare.

- Vedtaket i formannskapet er strengt reint teknisk. Brot på reglane er brot uansett om det berre er på papiret. Vi har gjort rutinefeil som det må endrast på, seier skjenkestyrar på Base Camp, Kristian Hool Egge.

Les meir i papirutgåva

Usamde om to eller tre vekers inndraging. Frå venstre: Jon Olav Kvamme, Bernhard Hole, Anders Magne Vik og Anne Margrete Tonning. Foto: Ove Sveen