Erlend Bakken frå Veten IL imponerte stort i Birkebeinerløpet i helga. Han la bak seg dei 21 kilometrane i terrenget frå Birkebeiner skistadion til Håkonshall på tida 1.26.15. Det gav ein flott 7. plass i gutar 16-17 år. Vinnartida var 1.17.40.

Erlend Bakken hadde også med seg far Gunnar Magne og søster Silje i løpet, i tillegg til klubbkollega Hanne Kristiansen. Sistnemnde gjorde det også veldig bra. I den over 200 deltakar store K20-24 vart Kristiansen nummer 38. Ho sprang på tida 1.45.03.

Gunnar Magne Bakken, M50-54, sprang på tida 2.00.14. Dattera Silje, som spring for Haukeland Sjukehus Idrettslag, sprang inn til tida 2.01.34.

Hanne Kristiansen på veg til flott tid og plassering. Foto: Magne Kristiansen
Silje Bakkenfrå Fjelli, men spring for HSI. Foto: Magne Kristiansen
Gunnar Magne Bakken snart i mål på Birkebeinerløpet. Foto: Magne Kristiansen