Skiskytterforbundet har offentleggjort rekkefølga for dei norske på VM-stafetten for herrar i Holmenkollen laurdag. Som på mix-stafetten vert det også denne gong veksling mellom Bø-brørne, men denne gong vert det Tarjei som skal sende veslebror Johannes ut på neste etappe.

Ole Einar Bjørndalen er teken ut til å gå første etappe. Deretter er det klart for Tarjei Bø på andre etappe og Johannes Thingnes Bø på tredje etappe. Det betyr at Emil Hegle Svendsen har fått æra og ansvaret det følgjer med å gå ankeretappen for Norge.

VM-stafetten startar kl. 15.30