Det er ikkje berre skiturar, solbriller og appelsiner som høyrer påska til. Halve Norge er også på vegen, på tur til hytter, familie eller andre reisemål.

- Diverre er det mange som ikkje kjem fram. Mange har det uforståeleg travelt i påsketrafikken. Vi vil at alle skal kome seg trygt både fram og heim igjen, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen.

Forbikøyring i tett trafikkPåska er høgsesong for feriereiser, noko som gjer riskioen på vegane høgare. Dei siste ti åra har det i gjennomsnitt vore 143 alvorlege ulukker med over fire drepne og 18 hardt skada i påsketrafikken. I 2015 miste éin livet i påsketrafikken, medan 12 vart hardt og varig skada.

- Mange av ulukkene skjer som ei følgje av forbikøyringar i tett trafikk. Desse kunne vore forhindra, seier Gustavsen. For høg hastigheit, manglande bruk av bilbelte og hasardiøse forbikøyringar - noko som er typisk påsketrafikken - gjev ein dramatisk auke i risikoen for både sjåføren og medtrafikantane.

At mange køyrer på vegar dei ikkje er vande til å køyre på, gjer forbikøyringar ekstra fårlege.

- Ved å tilpasse farten etterforholda og uansett ikkje køyre fortare enn fartsgrensa, gjev du eit viktig bidrag til at vi alle kan ferdast trygt i påsketrafikken, seier vegdirektøren.

Førebudde på glatte partiHalve Norge er på reisefot i påska. Ikkje alleskal til fjells, men mange skal på besøk til familie og vener ifridagane. Trafikken på hovudvegane kan bli stor på dei mest utsetteut- og innfartsdagane.

Påsketuristar som skal til fjells må sørge for riktig dekkval. Sjølv med pent ver i låglandet kan det bli både frost, snø og uverpå fjellet. Påska er tidleg i år, og påskeveret kan vere sværtvanskeleg å forutseie. Kontrastane er store i vårt langstrakte land.

Det erframleis mykje snø i fjellet, og kalde netter kan gi morgonfrost og isi skuggepartie. Folk difor må vere budde på det meste når detgjelder køyre- og lysforhold.

Statens vegvesen har følgjande påskeråd til trafikantane:

• Sjekk ver- ogføremeldingar. Planlegg turen! • Køyr etter forholda og haldfartsgrensa. Hald køen! • Bruk bilbelte • Sørg for at bilen er igod teknisk stand. Pakk riktig! • Stopp og sov viss du blir trøytt