Skifeltskyting er ingen stor sport i kvantitet. NM på Ålandsleite førre helg samla 60 deltakarar – om lag halvparten av deltakartalet i eit aldersbestemt storslalåmrenn i nabokommunen same helga. Om tal deltakarar er lågt, var kvaliteten på rennet bra, både idrettsleg og sosialt.

Både frå deltakarar og generalsekretæren i Det frivillige Skyttervesenet (DFS), Jarle Tvinnereim, vanka det lovord etter arrangementet. For Tvinnereim var det ekstra stas å delta i eit NM på heimebane, omtrent rett på utsida av stovedøra til barndomsheimen. Han gledde seg særleg over måten arrangørane løyste utfordringane på etter kvart som dei dukka opp. Når snøen lavar ned og både løyper og skytehald må endrast undervegs, stiller det store krav til kreativitet og gjennomføringsevne hos arrangøren. Men dei utfordringane vart løyste på beste vis.

Skifeltskyting er forløparen til skiskyting. Fram til 1984 var både skifeltskyting og skiskyting underlagt DFS og fram til 1978 vart også skiskyting gjennomført med grovkaliber. Då Norges skiskytterforbund vart skipa og skiskyting underlagt eige forbund, heldt DFS fram med skifeltskyting som ein del av sine tilbod.

Nordfjord har frå 1980-talet vore det området i landet med sterkast tradisjonar innan skifelt. Difor er klubbane i Nordfjord ofte arrangør av NM i skifelt. Tradisjonen og kompetansen klubbane har opparbeidd seg, gir seg utslag i gode arrangement slik tilfellet var på Ålandsleite førre helg.

Sjølv om skifeltskyting er ein marginalsport, har sporten viktige tradisjonar og kvalitetar. DFS er ein breiddeorganisasjon med generelt mål å fremme skyteferdigheiter. Skifeltskyting der utøvaren går på ski og må skyte mot figurar på ukjend avstand gir skytesporten ein annan dimensjon enn berre å konkurrere på skytebane. Innsatsen skyttarlaga i Nordbygda og Rand gjorde under avvikling av NM førre helg, var difor eit godt bidrag i å halde ein viktig tradisjon ved like.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør