Sjølv om søpla kanskje flyt litt ekstra rundt om i sommarmånadane, så kjem både Hornindal og Stryn godt ut på statistikken som viser søppelmengda vi kastar i løpet av eit år.

Norske søppelkassar blir oftare og oftare fylt opp. I fjor kasta kvar nordmann i snitt rundt 430 kilo med hushaldsavfall, og mengda vi kastar har auka jamt og trutt sidan 90-talet, viser tal frå Statistisk sentralbyrå(SSB).

I Hornindal og Stryn ligg ein derimot nesten 100 kg under landssnittet. Her viser vekta 336 og 337 kilo for høvesvis Hornindal og Stryn. Med dette plasserer dei to kommunane seg i nedste sjiktet på statistikken.

Her i fylket er Årdal "verstingen". Dei kjem ut som nummer to av samtlege kommunar, med sine 610 kilo per innbyggjar.

Det er Hvaler kommune som tronar høgast med sine 778 kilo. Truleg heng det høge talet saman med mange hytteturistar.