Dei unge skiskyttarane frå Nordfjord fekk ein glimrande start med NM-sølv på normalen for Jarle Midthjell Gjørven, Markane IL/Team Statkraft Lillehammer.

Jarle fekk totalt to tilleggsminutt og med feilfri sisteskyting og høg fart i sporet på sisterunden, sikra han sølvplassen på pallen bak Vemund Revnsborg Gurigard frå Vingrom IL.