Stryn og Volda spelte i dag 2-2 på Stryn stadion. Etter ein sjensefattig første omgang der stillinga var 0-0 ved pause, løsna det for Stryn i 2. omgang. Roosevelt Johnny gav heimelaget leiinga 10 minutt ut i 2. omgang, og då Mads Wie la på til 2-0 ti minutt etter, rekna nok mange med at alle poenga skulle bli verande att i Stryn.

Volda med Dagmund Evebø i leiarrolla ville det annleis. Kristoffer Bjerknes reduserte etter 85 minutt og tre minutt seinare sikra Ingolfur Ørn Kristjansson gjestene det eine poenget.