Rådmannen i Stryn tillrår at kommunen gjev Markane IL ein underskotsgaranti på inn til 100.000 kroner for arrangementet med norgescupen i skiskyting komande helg på Ullsheim. Saka skal opp i Stryn formannskap onsdag.

Det er ekstrautgfter knytta til den den omfattande snøkøyringa før meisterskapen som Markane IL har søkt inndekning for. Rådmannen meiner garantien kan tre i kraft dersom revidert rekneskap viser underskot.