Etter nesten eitt døgn fekk Norsk Tipping endeleg tak i Joker-millionæren fraSogn og Fjordane. Då tok kvinna sjølv kontakt med Norsk Tipping.

Den nybakte millionæren, som viser seg å vere heimehøyrande i Høyanger, hadde trudd at alle anropa frå eit nummer ho ikkje kjende var telefonseljrar.

Ho skrudde dermed av lyden og let vere å ta telefonen. Det vart eit stort engasjement rundt den ukjende Joker-millionæren i går, og mange delte saker på sosiale medium i håp om at vinnaren skulle verte funnen. Og etter omlag eitt døgn tok ho altså sjølv kontakt. Norsk Tipping fortel at ho beskriv det heile som uverkeleg.