Søndag kunne Arvid Hatledal starta snøkanona på Ullsheim.

- Vi må ha  minimum tre minusgrader for å produsere kunstsnø, fortel Arvid Hatledal. Som ventar på å få levert ei større snøkanon frå Oslo.

- Når den er på plass om få dagar, blir  det betre utnytting av vatnet. og dermed større produksjon, forklarar mannen bak Turløyper Stryn AS.

Komande helg skal Markane IL arrangere Ullsrennet over to dagar.

- I ein god del av løypenettet er det fine forhold, men vi treng meir snø inne på sjølve arenaen. Difor er det viktig å få produsert så mykje kunstsnø som mogeleg fram til helga, seier Arvid Hatledal.

Då Fjordingen var på Ullsheim i middagstida, møtte vi masse folk som nytta søndagen til ein skitur i minusgrader og strålande solskinn.

Denne snøkanona vil om få dagar bli erstatta av ei med større kapasitet. Foto: Harald Vartdal