I kveld spelar Stryn den andre kvalikkampen til NM-cupen. Med siger er dei klare for første ordinære runde. Der kan det fort vente ein spennande motstandar frå ein av dei øvste divisjonane. I fjor var det AaFK som vitja Stryn stadion.

Men først ventar 4. divisjonsklubben Godøy frå Møre. Tomålsskårar frå første kvalikkamp, Mads Wie, tek ikkje lett på oppgåva sjølv om det skiller ein divisjon.

- Godøy er ein motstandar vi bør respektere. Dei kjem frå 1-0 siger mot Rollon i 3.divisjon og er eit lag som vil akkurat det same som oss - nemleg kome seg til 1.runde, seier fjorårets toppskårar.

Han trur det blir ein tøff kamp som krev eit skjerpa strynelag.

- Så lenge vi gjer det vi skal, trøkkar til i duellane og blir med i krigen, så skal vi klare å nå målet vårt. Den som vil mest, tek dette, seier Wie.