Det vart ein ny pallplass, ein av dei svært sjeldne andreplassane, på Johannes Thingnes Bø i dagens jaktstart i Khanty-Mansiysk.

Johannes gjekk ut som nr. 7, 1.03 bak gårsdagens vinnar Julian Eberhard. Han gjekk rett i gang med ei imponerande opphenting. Med høg fart i sporet og tre fulle hus gjekk stryningen ut i tet etter tre skytingar, tett følgt av Simon Schempp.

På siste skyting fekk Johannes ein bom, men det gjorde også dei som låg rett bak, Schempp, Lesser og Landertinger. Johannes kunne dermed gå ut i tet også etter siste skyting. Schempp var tre sekund bak, deretter kom Lesser (10) og Weger (11).

Schempp hadde svært god glid, var snart oppe i ryggen på Johannes, gjekk forbi, sette inn eit lite rykk og fekk ei luke i dei lettare partia på sisterunda. Han gjekk dermed i mål til siger, medan Johannes Thingnes Bø tok andreplassen. - Sikkert litt skuffa over å ha tapt den duellen, men eit fantastisk godt løp, sa NRK-kommentator Andreas Staburn Smith då bøaren kryssa mållinja.

Også Tarjei Bø gjekk ei svært godt løp og avanserte kraftig oppover listene. Med høg fart i sporet, to fulle hus på dei to første skytingane og ein bom på kvar av dei siste gjekk han seg opp frå 35. til 12. plass.