Marit Sandnes Skrede er leiar av Stryn Frivilligsentral. Gjennom jobben har ho mykje kontakt med innvandrarkvinner, blant anna gjennom det dei kallar Kvinnegruppa. Dei møtes for samtale og sosialt samvære, men også for å diskutere alvorlege tema.

- Vi snakkar om kvinnerettar, gir informasjon om vold og overgrep og snakkar om konsekvensar og skadar det kan få å vere utsett for dette. Vi har tema om tvangsekteskap og omskjering. Dei frivillige tek stort ansvar i å støtte flyktningekvinner i vanskelege situasjonar, fortel Skrede.

Ho meiner kvinnedagen er viktigare enn nokon gong.

- Både nasjonalt og internasjonalt. Internasjonalt er kvinner i mange land svært undertrykt grunna kultur og religion. Dette gjeld ikkje berre Islam men greiner innan kristendommen. Der er 21 millionar slavar i verda, mange av desse er kvinner. Når kvinner blir haldne som fangar, medfører dette ofte voldelege overgrep, som resulterer i graviditet og barn. Dette betyr at desse menneska er i ein vond sirkel av vold og dei veks opp i svært vanskelege forhold. Vold og overgrep mot kvinner rammar ikkje berre dei, men også tredjepart.

Også utfordringar i eige land

Skrede peikar på utdanning som eit viktig område for å skape rettferd.

- Utdanning av kvinner internasjonalt er ein stor mangel. Ved utdanning av kvinner, får dei betre kunnskap om rettane sine, og vil vere i stand til å verne seg på ein betre måte, meiner ho.Men Skrede ser også utfordringar for kvinner i eige land.

- Det er stadig større lønsforskjellar i arbeidslivet. Dette er dårleg handverk frå dei som er ansvarlige for lønspolitikken i landet vårt. Eg les óg i media at fleire og fleire kvinner må gå til sak fordi arbeidet deira er blitt endra og får konflikter i arbeidslivet etter endt svangerskapspermisjon. Det er brot på lovverket, slår Skrede fast. - Menneskerettane gjev oss retten til å bestemme over eigen kropp og bestemme over eige liv. Det er det Kvinnedagen handlar om. Det er rart at vi ikkje er komne lenger, seier Skrede.