– Vi er glade for å kunne presentere nettsida no, etter fleire års arbeid. Her finn ein alt innan reiseliv og attraksjonar frå Hotel Union Øye til små badekulpar som nesten ingen veit om. Til dømes Gopetjønna på Vartdal, seier dagleg leiar Odd Magne Vinjevoll og prosjektleiar Anne-Britt Aambø Hallaråker på Ørsta Næringskontor.

Hornindal?

På sidene har dei laga tre likestilte «kapittel» om kva som finst i Ørsta, Volda og Hjørundfjord. Frå Hornindal har det blitt tatt til orde for at Hornindal også burde likestillast på denne måten.

– Vi hadde planar om det først, men fann ut at då måtte vi ha behandla Vartdalsstranda, vestsida av Voldsfjorden osv på same måten. Og for all del: Det er berre å søke på «Hornindal» inne på sida, og ein får ein haug av resultat.

Håper på Volda-støtte

Dei fleste reiselivsaktørane i området er ikkje så store, men dei har no samla seg i eit reiselivsforum som samarbeider om den felles digitale møteplassen. Og dette er ein avleggar av masterplanen som vart utarbeidd for nokre år sidan – støtta av fylkeskommunen, Ørsta kommune og destinasjonsselskapet på Sunnmøre.

– Nettsida er like mykje for Volda som for Ørsta, og vi håper difor no på støtte også frå Volda kommune, Volda Næringsforum og andre.

Aktivitetskalender

Nettsida ørstavolda.no inneheld brei info om reiselivet og attraksjonar i området, men også oversikt over kva som finst av bedrifter og etableringsmulegheiter i Ørsta-Volda.

– Og i tillegg ein aktivitetskalender, som naturlegvis heile tida skal oppdaterast. Det skal sjølve sida også, og vi tek med takk imot innspel til korleis vi kan forbetre ørstavolda.no – og biletmateriale frå heile distriktet, seier vinjevoll og Aambø Hallaråker.

Som også fortel at sida inneheld kontaktinformasjon til reiselivskontoret i Ørsta.

Engelsk og norsk - og tysk

Ein ambisjon er at ein enkelt med eit par tastetrykk kan kome direkte inn på den nye nettsida om ein sit i td California eller på New Zealand.

-Difor vil vi snart ha på plass dotcom-sida orstavolda.com, og kople på internasjonale søkeord som fjords osv, slik at utlendingar raskt kan kome inn på sida.

Nettsida finst no på norsk og engelsk, og om ikkje lenge også tysk.

Denne saka vart først publisert av Møre-Nytt