Sparebanken Vest fekk eit resultat i fjerde kvartal på 246 millionar kroner før skatt. Dette er nesten 300 millionar lågare samanlikna med same periode i fjor. På årsbasis enda resultatet på 1.221 millionar i pluss, mot 1.283 millionar året før.

-Fjerde kvartal og heile 2013 vart eit godt år for Sparebanken Vest. Dei grepa banken gjorde i 2013 både på inntekts- og kostnadssida har gjeve positive resultat, seier administrerande direktør Jan Erik Kjerpeseth i ei pressemelding.

Auke på bedriftsmarknaden i eige fylke

Ser ein på banken si verksemd i Sogn og Fjordane opplever dei ein auke innan bedriftsmarknaden. Auken skuldast både lån frå eksisterande og nye kundar, i følgje regionbanksjef for bedriftsmarknaden, Olav Hjelle. Innskota frå bedriftene har også auka med 20 prosent.

-Dette viser at mange næringar har hatt god utvikling i 2013, og dei har nytta midlane til å styrke soliditet og likviditet, seier Hjelle.