Trur du på norsk gull under 5-mila? spurde vi lesarane våre under OL-innspurten.

Og fleirtalet av lesarane til Fjordingen var optimistiske.

- JA! svara 40 prosent av dei som deltok i den uhøgtidelege spørjeundersøkinga.

- Nei, knapt nok pallplass, svara 26 prosent, medan dei resterande 34 prosenta svara at dei ikkje var interesserte i det heile.

Totalt 214 personar deltok.

Denne veka spør vi lesarane om de er for eller imot kraftubygging i verna vassdrag. Du finn spørsmålet eit stykke ned på framsida på Fjordingen.no.