Stryn 2 spela i ettermiddag KM-finale i 5. divisjon for herrar. Dei møtte Syril til dyst på Reed stadion i Breim, og vann fortent 4-1.

Første omgang var rapportert å vere jamnspelt, og det var også først i det 43. minutt at Marius Rauset lukkast med å overliste Syril sin keeper. 1-0 var også pauseresultatet.

Etter kvilen var det eit svært offensivt sognelag som kom på bana, og dei sjokkstarta omgangen med utlikning etter berre minuttet spel. Men i følgje Stig Høynes, som var på plass med kamera for Fjordingen, var det etter kvart liten tvil om kven som skulle drage i land sigeren.

Og i det 56. speleminutt tok Jan Åge Langeset Stryn tilbake i leiinga 2-1, før veteranen Jon Terje Tjellaug la på til 3-1 ti minutt seinare. John Marius Berger ordna sluttresultatet 4-1 i det 72. speleminutt.