Dagfinn Gytri og Sissel H. Sunde var vitne til at steinar så store som bilar, suste over Oldedalsvegen. Mindre enn to minutt tidlegare hadde Helene (5) passert rasstaden på heimveg frå barnehagen.

- Eg såg at det losna i Heimefjellet, ca 700 meter over havet, og at enorme steinmasser rasa nedover fjellsida. Fire - fem kjempemessige blokker kom i kollossal fart, suste over vegen og forsvann i Oldevatnet. Lenge etterpå lukta det svovel og røyk. Med tanke på den store trafikken på Oldedalsvegen, kan vi prise oss lukkelege over at det ikkje gjekk menneskeliv, seier Dagfinn Gytri til Fjordingen.

Sissel H. Sunde er framleis skjelven etter dramaet som utspann seg måndag i 16-tida. Dottera Helene var nettopp komen heim etter å ha blitt henta i barnehagen, då det buldra frå fjellsida.

- Eg trudde først at det var tordenver. Men etterkvart såg eg veldige steinmassar rase frå Heimefjellet. Blokkene som kom over fylkesvegen, var store som som bilar. At dette gjekk bra, må kallast eit lukketreff, slår Sissel H. Sunde fast.

Les meir i papiravisa