Peer Gynt Galleriet på Hellesylt rommar treskjerarkunst av Oddvin Parr (1933-2010). Galleriet på Hellesylt, opprinneleg kalla Hægstad gård etter bryllaupsgarden i Ibsen-stykket, vart sjølve livsverket hans.

Monumentale

Galleriet rommar ei rekkje monumentale trerelieff med motiv frå Peer Gynt, eit stykke som Oddvin Parr sjølv også såg kvar einaste sommar i friluftsoppsetjinga ved Golåvatnet i Gudbrandsdalen.

Livsverk: Galleriet er kunstnaren Oddvin Parr (1933–2010) sitt livsverk. l Foto: Harald Vartdal

I tillegg til utstillingane av trerelieffa er lokala også nytta til ei rekkje andre arrangement. Her er det sommarutstillingar med andre kunstnarar, intimkonsertar og mindre førestillingar, selskap og lukka lag.

Fotoutstilling

Galleriet har no fått ny dagleg leiar, Monika Rødven frå Valldal. Ho vil ta hand om både vertskapsrolle og matservering.

– Ho er utdanna kokk og satsar på kortreist mat, fortel Lena Parr.Det er også sommarutstillingar ved Galleriet. For tida er det Eivind Louis Helset, Rust Foto, som er utstillar. Seinare blir han avløyst av ein annan fotokunstnar, Kenneth Enstad.

Dennis Storhøi

I fjor sommar kom det på plass eit komplett multimedieanlegg der skodespelar Dennis Storhøi gjev røyst til Peer Gynt-relieffa.

Bryllaupet på Hægstad gård, eitt av kunstnaren Oddvin Parr sine store relieff. Foto: Harald Vartdal

Storhøi har sjølv hatt rolla som Peer i førestillinga ved Golåvatnet. Multimedieframsyninga er spela inn med både norsk og engelsk tekst, og er tonesett mellom anna med Edvard Grieg sin musikk.Storhøi var sjølv på Hellesylt i fjor for å vere med på opninga av dette nye tilskotet i Peer Gynt Galleriet. Multimedieanlegget med Dennis Storhøi har fått stor merksemd. – Vi har fått mykje positiv respons på dette. Seinast i går hadde vi to bussgrupper innom som var svært begeistra, seier Lena Parr.