For tiande året kan verksemdene i fylket få vise seg fram for studentar og potensielle arbeidstakarar gjennom karrieremesser.

Karrieremessene til Framtidsfylket starta med 25 stands i 2007. I 2015 var 80 bedrifter spreidde over to etasjar i Grieghallen, med 600 besøkande innom. Karrieremessene retta seg i utgangspunktet mot ingeniør- og teknologimiljø, men er no opne for alle og viser ei breidde av det som finst i Sogn og Fjordane.

Fylkeskommunen er ein av eigarane i Framtidsfylket.

– Vi er faktisk det einaste fylket som har ei slik messe, seier dagleg leiar i Framtidsfylket Gro Rukan i ei pressemelding.

Karrieremessene i 2016:

  • Trondheim 28. januar

  • Oslo 4. februar

  • Bergen 10. februar