Adrian Lefdal, eigar og drivar av Stryn Vertshus, var mellom dei ti finalistane i kåringa Helt sjef som har pågått denne våren. Ei kåring som skal setje fokus på unge leiaremne og gründerar.

I dag vart juryen sin dom offentleggjort på eit frukostmøte i Oslo, og då vart det klart at tittelen går til Marthe Bogstad frå Akershus. Ho får draumereise og eit år med coaching.

Det er organisasjonen Lederne og McDonald's som står bak kåringa.