Kenneth Sølvberg er ein ihuga sportsdykker, han er også ein svært motorinteressert mann. I fjor skreiv Fjordingen om at han slo to fluger i ein smekk og drog til Staveneset i Stryn der han og kameraten Aksel Roset dykka etter gamle bilvrak som ligg i fjorden. Sjå video her.

Det obligatoriske spørsmålet til ein som elskar å reparere gamle bilar, var om det var nokre brukande delar å finne på fjordbotnen.

- Nei, det er nok ikkje så mykje som kan reddast lenger, med unntak av nokre vindauge, seier han.