Førre helg var Fannemel med på verdas beste lag i skiflygingsbakken i Kulm. Denne helga kunne han saman med Kenneth Gangnes, Andreas Stjernen og Daniel André Tande igjen trakke øvst på pallen i lagkonkurransen i verdscupen i Zakopane.

Fannemel fekk det ikkje heilt til i det første hoppet og Norge låg bak etter hans gruppe. Men honndølen leverte til gjengjeld eit svært godt andrehopp under vanskelege forhold, og med det lengste hoppet i si gruppe auka han leiinga til dei andre laga.

Norge fekk til saman 1.122,4 poeng, Austerrike kom på andreplass 32,9 poeng bak og Polen på tredje var 65,7 poeng bak.

Dette var Norge sin 14 siger i laghopping, den førre kom i Lathi i fjor. I morgon ventar individuell konkurranse i den polske storbakken.