Det har med tid og stunde blitt arrangert mange store renn og meisterskapar på Ullsheim. Men eit av dei første, verkeleg store arrangementa var i 1991, då Markane IL tok imot landet sine skiskyttarar til norgescup, akkurat som denne helga.

På den tida var ein tenåring med namn Alfred Tytingvåg frå Hardbagg IL i Randabygda det store lokale håpet. Før helga på Ullsheim låg han i sjiktet til å bli teken med til junior-VM i Ungarn, men kun topplasseringar ville vere godt nok.

-Fram og tilbake

- Det var siste uttaksrennet, men eg hugsar eigentleg ikkje så mykje av det anna enn at eg vart nummer tre, fortel Tytingvåg når vi ringer han. I bakgrunnen durar ein kompressor, for løparen som vart snikkar er på jobb når vi tek kontakt.

- Det var skikkeleg med snø og fine forhold, minnest han vidare.

- Det var også litt fram og tilbake med kven som eigentleg kom på pallen. Nokre hadde gått feil og litt forskjellig. Så eg visste ikkje endeleg før resultatlista kom, fortel han. Og då vart også dei åtte løparane som skulle til VM annonsert. Og blant dei var ein hardtsatsande kar frå Hardbagg.

- Det var mitt andre VM. Året før var eg med til Finland. I Ungarn fekk eg gå sprinten og der vart eg nummer 16, seier Tytingvåg. Som senior vart høgdepunktet ein bronsemedalje på normaldistansen, då han gjorde comeback etter nokre år der han hadde lagt satsinga til sides. Det resulterte også i fleire europacup-renn.

Skrytte av arrangementet

Arrangementet på Ullsheim fekk elles mykje skryt kan ein lese i Fjordingen 11. februar 1991.

- Det er tydeleg at det ligg god førebuing bak arrangementet, og det er avvikla til vår fulle tilfredsheit, uttalte mellom anna dåverande skiskyttarpresident John Olav Lund til lokalavisa.

Sidan då har det vore arrangert både NM, junior NM og junior-VM på skiarenaen, så vi tvilar ikkje på at også helgas arrangement vil gå snekalaust føre seg.