Stryn kommune går i høyringsfråsegn til Miljødirektoratet inn for at det vert høve til å bruke el-sykkel i utmark. Det skjedde etter at Torstein Tvinnereim (V) fekk fleirtal for å endre den administrative tilrådinga om å seie nei til bruk av el-sykkel utanom veg i utmark.

- Så lenge det er snakk om bruk av pedalar, kan eg ikkje sjå at det skal vere noko problem om ein får litt hjelp til å kome seg ut i naturen, seier Torstein Tvinnereim til Fjordingen.

Røystinga i formannskapet synte at tre av sju støtta den administrative tilrådinga om å seie nei til bruk av el-sykkel utanom veg i utmark. Fleirtalet på fire støtta Torstein Tvinnereim sitt framlegg om å ta vekk punktet. Deretter vart det fatta samrøystes vedtak som går ut på at Stryn kommune i høyringsfråsegna tilrår bruk av el-sykkel i utmark.