Landslagsutøver og randoneeprofil Lars Erik Skjervheimhar tru på at Stryn Rando 3000, som gjekk av stabelen laurdag, har eit internasjonalt potensiale.

Randoneeløpet gjekk om Gryta (1032 moh), Kyrkjenibba (1400 moh), Botneskrednibba (1280moh), Natakupa (1400 moh), Hestefjellsnibba (1303 moh),Karifjellet (1320 moh) og Gulkoppen (1306 moh), og i eit intervju på Friflyt.no seier Skjervheim at naturen og fjella absolutt kan måle seg med internasjonale løp.

- Det er lett å sjå konturane av noko stort i Stryn Rando 3000, både når det gjeld naturen og den menneskelege "driven".