Dagens pressemøte med det norske skiskyttarlaget gav ingen svar på kven som skal gå dei ulike etappene. Særleg har det vore spekulasjonar rundt sisteetappa, sidan Tarjei Bø "detroniserte" Emil Hegle Svendsen på denne etappa før VM. Men i pressemøtet vart det ikkje gjeve nokon som helst hint om kven som går dei ulike etappene.

- Vi har fire gode løparar, og eg trur vi har ein god sjanse. Meir vil eg ikkje røpe enno, sa trenar Egil Gjelland innleiingsvi i pressemøtet.

-Viil du seie litt om kva du tenkjer om dei ulike etappene? spurde pressekontakt Halvor Lea.

(Pause).- Nei!

- Kva med å fortelje om strategien de vil velje?

- Strategien er å veksle først og leie heile vegen til mål.

På spørsmål om korleis laget har jobba fram mot stafetten som mål, svarte han litt meir alvorleg.

- Vi har hatt gode diskusjonar og gode førebuingar før stafettane. Det handlar til dømes om å bruke tid på ekstraskot og øve på mann mot mann-situasjonar.

Likar duellane

Johannes Thingnes Bø sat lengst til venstre på podiet, og var førstemann som fekk spørsmål då trenaren var ferdig. - Du er i knallform og har vist topprestasjonar heile VM. Kva er ditt drømmescenario på stafetten?

- Det er vel som Egil (Gjelland) seier. Køyre på frå første etappe, leie stafetten og berre auke på.

- Er lagånden, samhaldet, godt?

- Samhaldet alltid sterkt. Norge er tradisjonelt ein god stafettnasjon, og for min egen del må eg seie eg synest eg er på eit veldig godt lag når sit saman med disse tre gutane.

Tarjei Bø har frå før tre VM-gull og eitt OL-gull.

- Stafett passar deg bra?

- Stafett som konkurranseform som passar meg veldig bra. Eg likar duellar som ofte oppstår på stafettar. Sjølv om eg feilar eg også, så synest eg det er artig å angripe i slike duellar og gå sigrande ut av dei.

Deler ikkje ut fleire gull til Fourcade

Ikkje rekkjefølgja: Egil Gjelland saman med stafettlaget, frå venstre mot høgre Johannes Thingnes Bø, Tarjei Bø, Emil Hegle Svendsen og Ole-Einar Bjørndalen. - Men dette er IKKJE i nokon retning identisk med rekkefølgja på etappene, understreka trenaren. Foto: Skjermdump frå NRK live stream

- Kven ser du som den tøffaste motstandaren på stafetten?

- Før mesiterskapen såg Russland ut som tøffaste mostandaren, men dei har ikkje vore heilt i «driven» i VM. Slik det ser ut no er det nok Frankrike. Dei har eit lag som er veldig i vinden, gjekk ein god mixstafett og eg trur dei har god sjølvtillit. Men vi deler ikkje ut fleire gull til Fourcade no. Vi har lyst til å kapre nokon sjølv, så dersom vi presterer opp mot vårt beste skal vi ta det gullet. Det er opp til oss sjølve.

Det vart under pressemøtet kommentert at det var eit veldig "hemmelegheitskremmeri" omkring kven som går kva etappe.

- Ingen vits i å gje konkurrentane nokre fortrinn ved at dei veit kven som skal gå dei ulike etappene, sa Tarjei Bø, som ikkje let seg lure til å røpe sin eigen posisjon i stafetten.

På spørsmål om det har vore mykje diskusjon om sisteetappa, var svaret kort.

- Nei. Det har aldri vore så kort diskusjon, eigentleg. Men kven som går får ikkje de vite enno!

Etappefordelinga skal offentleggjerast kl. 17.30 i dag.