Stryn formannskap går i samrøytes tilråding inn for å løyve 500.000 kroner til Prosjekt sommarjobb for ungdom 2016.  Dermed gjenstår berre formelt vedtak i kommunestyret 31. mars før ein kan gjennomføre tiltaket etter same mønster som i 2014 og 2015.

Tilbodet er mynta på ungdom i alderen 16 til 23 år. I 2014 var det 51 søkjarar til 30 jobbar - i 2015 48 søkjarar til 31 jobbar.

Med ei økonomisk ramme på 500.000 kroner vil det i 2016 vere grunnlag for at ca 25 ungdoma får jobbe i periode på tre-fire veker.