Politiet har gjennomført fartskontroll på E39 ved Geitvika i Volda kommune. 12 personar fekk forenkla førelegg, og ein person blir politimeldt for køyring i 125 km/t i 80 sona.

Sjåføren, ein mann i 40-åra, fekk førarkortet beslaglagt, opplyser Møre og Romsdal politidistrikt.