Mange måtte betale for trafikkale synder då UP hadde kontroll i Stryn onsdag. Arvid Flæte, politioverbetjent i UP Vestlandet, fortel at første kontrollen skjedde i sentrum, i området ved Strynehallen. Her vart det skrive ut 19 gebyr for manglande bruk av bilbelte.

Det var mange som "berre skulle" då dei vart stogga utan bilbelte. Kostbart slurv, seier Flæte, som fortel at styresmaktene har skrudd opp gebyret for ikkje å bruke bilbelte frå 750 til 1.500 kroner.

Neste kontroll skjedde i 80-sona på rv 15 ved Vinsrygg. Her vart det skrive ut fire forenkla førelegg, utan at nokre av desse hadde spesielt høg fart. Det var mykje trafikk, men farta var på det jamne bra, seier Flæte.

Fullt så bra var det ikkje i siste kontrollen i 50-sona ut av Stryn sentrum.

Vi målte farta i det trafikken passerte krysset mot Stryn stadion. Både fordi det var ein del aktivitet og trafikk i området, og fordi vi veit det har vore dødsulukke i dette krysset. Vi målte trafikken som gjekk retning Eid, og kunne konstatere eit jamnt, høgt fartsnivå. Ein bilist vart målt til 81 km/t og måtte gje frå seg førarkortet. Ti bilistar fekk forenkla førelegg for høg fart. Tre av desse vart målte til 75 km/t, ein kilometer unna å miste førarkortet, seier Arvid Flæte.

Ein bilist mista førarkortet og 14 fekk forenkla førelegg etter UP sine fartskontrollar i Stryn onsdag. Foto: Bengt Flaten