Brørne Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø skal veremed i ein ny TV-serie om skiskyttarlandslaget.

Serien vert produsert av Globus Media, som mellom anna stodbak den populære serien "Verdens beste langrennsjenter" og ikkje minst programmet "Northugs triumf" om Pette Northug sin veg frå skandale til siger.

Iserien om skiskyttarane vil sjåarane mellom anna både få møte familien Bø og Markane IL. Serienskal gå i på fjernsyn i forkant av VM i Holmenkollen i 2016.

Globus Media har søkt Stryn kommune om stønad via dei særskilde kulturmidlane, men fekk avslag på søknaden.

– Dette er ein så storsøknad at han ikkje høyrer heime under kulturmidlane. Rådmannen vilta saka opp i kommunestyre og formannskap, sa kulturleiar Myrtel Thomassen då saka var oppe i skule- og kulturutvalet.