Ein mann busett i Skjåk er dømd til 45 dagar fengsel der 24 dagar av straffa er på vilkår med prøvetid på to år. Mannen hadde vore på ein fuktig fest i Stryn ein oktoberkveld i fjor då ambulansepersonell måtte tilkalle hjelp for å ta hand om han. Både under pågriping og på veg til sjukehuset på Eid truga mannen fleire gonger med å drepe politiet, samt at han sparka etter dei. Då mannen vakna i drukkenskapsarresten dagen etter, angra han og bad om orsaking.

I retten innrømte han forholda han var tiltalt for. Anger og det at han innrømte forholda, gav Skjåk-mannen noko strafferabatt. I tillegg til fengselsstraff må den dømde betale 3.000 kroner i sakskostnader.