Regjeringa vil prioritere psykisk helsevern og rusbehandling, er beskjeden frå helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) til sjukehusa.

Han la fram tre overordna mål i sin sjukehustale tysdag.*Redusere unødvendig venting og variasjon i kapasitetsutnytting.*Prioritere psykisk helsevern og rusbehandling.*Betre kvalitet og pasienttryggleik.– Som de ser, får dei tre måla plass på ein A4-plakat. Denne vil eg at alle styremedlemmer og leiarar skal ha med seg og hugse. Det er så enkelt at ein kan lære seg dei utanåt, sa Høie.

– GjennomføringsårI sjukehustalen understreka Høie at fjoråret var prega av ei rad stortingsmeldingar, planar og rapportar. Året som kjem, vil handle om gjennomføring.For kvart av dei tre hovudmåla la Høie fram fleire konkrete indikatorar for kva som skal skje. Han forventar blant anna at gjennomsnittleg ventetid skal vere under 65 dagar og at sjukehusa ikkje får bryte fristane. 70 prosent av kreftpasientane skal vere registrerte i eit pakkeløp.Han ventar vidare at helseregionane vidarefører satsinga på psykisk helsevern og rusbehandling slik at veksten er høgare enn for somatikk (fysisk helse). Tvangsinnlegging av vaksne skal ned, mens årsverk i distriktspsykiatrien skal opp.For å betre kvalitet og pasienttryggleik set Høie som mål at talet på sjukehusinfeksjonar skal vere mindre enn 4,7 prosent. Og det skal ikkje vere korridorpasientar.

– SystemsviktHøie via også ein stor del av talen sin til variasjonen i tilbodet til norske pasientar.– Eg vil vere heilt tydeleg: Variasjonen i norsk helsetenesta er så omfattande at det må kallast systemsvikt, sa Høie.Eitt av områda der variasjonen er stor, er innføringa av pakkeløp for kreft. Det er ulikskap både mellom dei ulike landsdelane, men også mellom helseføretak i kvar helseregion.– Pakkeløpa fungerer for pasientane som får dei, men utfordringa er at ikkje mange nok får pakkeløp over alt, sa helseministeren.Sjukehusa får no krav om at variasjonen i effektivitet og kapasitetsutnytting skal vere lågare i år enn i fjor. Det gjeld også variasjonen i gjennomsnittleg liggjetid og dagbehandling innan utvalde område.

– Rusta for utfordringarAuka innvandring, eldrebølgja og raskare befolkningsvekst stiller velferdssystemet overfor store utfordringar og vil tvinge fram betydelege endringar i åra som kjem. Helsetenesta holder ikkje tritt med befolkningsutviklinga, konkluderte Høie.– Vi kjem til å bli fleire, kanskje er vi éin million fleire i 2030. Og vi lever lenger. Om 15 år er det over dobbelt så mange av oss som er over 70 år. Desse utfordringane krev endringar, sa Høie i den årlege talen, der han gir sjukehusa sitt styringsbodskap.– Dette er ei røynd vi er nøydde til å tilpasse oss, konkluderte han.Høie varsla også at regjeringa vil komme med ei stortingsmelding om prioritering innan helsetenesta, bioteknologi og opptrappingsplan for rehabilitering.

(©NPK)