Ei nær fullsett Hornindal kyrkje 1. juledag fekk høyre sokneprest Mari Saltkjel sine ord om ordets makt. Ho fortalde at vi menneske kan gjere kvarandre varme eller kalde, glade eller lei oss, gjennom orda våre. Ho spurte kyrkjelyden om kor mange som har sagt noko som har gjort andre glade, lei seg eller sinte. Alle kunne nok svare ja på alle spørsmåla.

- Ser vi verda ikkje berre frå ei, men frå to sider, så kan vi leve i fred. Jesus som vart menneske kom med fred for at vi skal få fred. Så la oss hugse det. Og gjere kvarandre varme inni oss, glade og trygge, sa ho.

Tradisjonen tru var Inge Asbjørn Haugen og Hornindal Songlag musikalske forsterkingar på 1. juledagsgudstenesta. Haugen på saksofon og songlaget bidrog til å gjere høgtidsgudstenesta til ei festgudsteneste.

Hornindal songlag bidrog til å gjere 1. juledagsgudstenesta til ei høgtidsstund. Foto: Bengt Flaten
Hornindal kyrkje var nær fullsett 1. juledag. Foto: Bengt Flaten