Stryn sine 16-årsjenter gjorde sine saker godt under kvalikkampen til NM J16 Telenor Cup fredag. Stryn tok leiinga eit drygt kvarter ut i kampen med ei scoring av Hege-Renate Glosvik Espeland. Sandane utlikna ved Martine Jacobsen etter 24 minutt, men Stryn svarte med å legge på til 2-1 ved Saeideh Tajik. I andre omgang utlikna Martine Jacobsen igjen, men fire minutt etter sende Saideh Tajik på nytt Stryn i leiinga ved å setje inn ei straffe. 3-2 vart også sluttresultatet.

Stryn vil no møte vinnarane av kampane Syril – Jotun og Sogndal – Førde. Det skal spelast enkel serie, og vinnaren samanlagt blir Sogn og Fjordane Fotballkrins sin representatnt i 1. runde i NM J16 Telenor Cup 2016.

Kampfakta:

Stryn - Sandane 3-2 (2-1) 1-0 Hege-Renate Glosvik Espeland (16.min) 1-1 Martine Jacobsen (24. min) 2-1 Saeideh Tajik (34. min) 2-2Martine Jacobsen (63. min) 3-2 Saeideh Tajik, straffe (67. min)Kort: Ingen Dommar: Rune Haugland, Haugen

Stryn sitt lag kunne juble etter å ha slått Sandane 3-2 i første kvalikkamp til NM. Foto: Stig Høynes

Stryn sitt lag: Kaja Sæbø, AdeleGjertsen, Maria Bergset, Astrid Hilde, Kristin Kandal, AnnaJohansdottir, Sofie Fredheim, Karoline Otterdal, Andrine Bøe,Hege-Renate Glosvik Espeland, Kaisa Wemby.Innbyttarar: Siv Visnes,Saeideh Tajik.

Sandane: Oda Lothe ,Martine Kvamme, Julie Kandal, MaleneMyklebust, Juliane Beckmann, Martine Jacobsen, Mari Rygg, Mari Toen,Hedda Rygg, Kristine Skinlo, Amalie Skeistrand Apalseth.Innbyttarar:Marthe Skinlo, Sofie Sandene, Benedikte Hauge.