Tysdag i 15.30-tida fekk brannvesenet i Stryn melding om branntilløp i terrenget mellom Strynehallen og Tingvoll. Det skulle syne seg seg at der brann på to stader.

- Ein fotball låg og brann under tretrappa som fører ned til bakdøra på Strynehallen. I skråinga nokre meter lenger borte brann det i graset, opplyser brannsjef Jarle Dragesæt og brannbefal Jon Jatgeir Vinsrygg til Fjordingen.

- Veit de årsaka til branntillløpa?

- Nei, det var ingen vitne til at det tok til å brenne. Då vi kom på staden, hadde vaktmeisteren på Tonning skule og folk i hallen sløkt elden med pulverapprat. Vi varsla vakthavande politi om branntilløpa, seier Dragesæt og Vinsrygg.

Då Fjordingen snakka med lensmann Webjørn Moa onsdag føremiddag, hadde dei ikkje vore på brannstaden.

Det avsvidde området i bakken mot Tingvoll. Foto: Harald Vartdal