Tone Damli skal synge med KORK (Kringkastingsorkesteret) i Nordfjord i november. Frå før er Eva Weel Skram, OlavStedje, Sigrid Moldestad, Thea Hjelmeland, Iselin Solheim, Odd-ErikLothe og Good Time Charlie klare for konsertane i Operahuset Nordfjord. Tone Damli blir med på dei to konsertane KORK gjer laurdag 16.november, men ikkje på fredagen. Dette skuldast det travleprogrammet ho har før jul.
– Vi er veldig glade for at Tone blirmed på to av dei tre konsertane. Ho er ein fantastisk artist som vimeiner er viktig å ha med i ein konsert der vi skal vise fram detbeste fylket har av artistar, seier prosjektleiar Stian Sjursen Takle i NRK Sogn og Fjordane.
Dette er aller første gongen KORKi besøkjerSogn og Fjordane, og det gjer dei med over 60 musikarar.