Orienteringsløparar er vande til det meste når det gjeld verforhold. Sludd, gjørme, våte myrer og regnvåte trøyer.

Men no har også O-folket måtte bøye seg for vergudane sine luner. Årets KM i mellomdistanse er rett og slett flytta på grunn av snø.

Arrangør Sogndal idrettslag fortel at løpet er flytta på grunn av snøforholda i Fjærland. Årets KM i mellomdistanse skal difor arrangerast på Hafslo.