Kvartetten Lars Kåre Tvinnereim (Hornindal), Eline Blaalid (Stryn), Astrid Tenden (Stryn) og Marcus Solum (Hornindal), får til saman med seg meir enn 60 toppkarakterar når dei forlet Stryn vidaregåande skule. Til hausten ventar studiar ved NTNU i Trondheim.

- Det har alltid vore planen å gå på NTNU. Det er beste realfagskulen i landet, seier Marcus Solum og får samtykkande nikk frå dei andre.

Solum skal gå Sivilingeniørstudiet innan industriell kjemi og biologi, medan dei tre andre ser fram mot studiar innan industriell økonomi og teknologileiing.

– Lov å vere flink

Alle fire har vore vane til å gjere det godt på skulen. Det er ikkje noko som brått har skjedd på vidaregåande. Men «flinkis-stempelet» kan også vere ei belastning.

- Vi har nok vore stempla som dei flinke, og nokre gongar kan det vere ubehageleg og ein kjenner eit press på å alltid skulle gjere det bra. Ved eksamenar til dømes, at det er forventningar om at vi skal prestere, seier Solum.

- Men det gjere nok også til at vi jobbar ekstra mykje, legg Tenden til.

- Og det er lov å vere flink, seier ho.

Avgjerande samarbeid

Vi er litt nysgjerrige på korleis det går an å gjere det så godt i så mange fag. Svaret er ganske eintydig frå alle fire.

- Vi har vore flinke til å bruke studietimane på skulen. Då får ein også god hjelp frå lærarane, seier dei. Dei må også innrømme at stort sett fell dei fleste fag dei enkelt.

Ein annan suksessfaktor er samarbeid.

- Begge gutane er gode læraremne. Eg hadde nok ikkje hatt desse karakterane utan hjelp frå dei andre, seier Astrid Tenden.

Dyktige lærarar

Sjølv om dei gode resultata skuldast mykje hardt arbeid på eiga hand, og gjennom samarbeid, kjem dei ikkje unna at også lærarane har hatt betydning for resultata.

- Det er veldig mange som er dyktige. Dei bryr seg og er engasjert. Dersom det til dømes har vore matteoppgåver eg ikkje har fått til, har eg kunna sende melding til læraren på kvelden og fått svar, fortel Solum.

- Eg skulle gjerne hatt dei med til Trondheim, ler Tenden.