I dag er siste kommunestyremøtet i Stryn på den gamle måten, der sakspapira er skrivne ut og sendt kommunestyrerepresentantane på førehand. Heretter er det nettbrettet som gjeld og lesing av dokument i det digitale formatet. Både på førehand og under møta.

-Alle i kommunestyret får kvar sitt nettbrett. Dette er ei lita investering i høve innsparingane på kopiering, utsending og bruk av arbeidstid, seier ordførar Sven Flo.

- Vi skal ha tre timar med opplæring i bruk av nettbrettet. Eg er steinhard på at det ikkje blir levert ut eit papir i framtida, seier Flo. Han modererer seg derimot litt og seier det kan vere at dei legg opp til ein slags back- up no i ein overgangsfase.