Bading i fjorden er ikkje den typiske søndagsaktiviteten på denne tid. Men for Magni Tvinnereim og Aud Tvinnereim Horn var korkje isflak eller einsifra temperatur nokon hindring sist søndag.

Men friskt var det nok, for dei to sprekingane har sendt Fjordingen nokre diktstrofer, sterkt inspirert av Blaksetsongen:

Fritt nedi islagte fjorden her ligg vi,

påkledd og fagre frå toppog til tå.

Men vi ha gleimt at vi e oppi åra,

huttemegtu kor skadette no gå !!!