I mars har arbeidsløysa i Sogn og Fjordaneauka med 71 personar, samanlikna med mars i fjor. Dette svarar tilein auke på 6 prosent. – Auken kan forklårast med fleirepermitterte og færre personar i arbeidsmarknadstiltak enn på sametid i fjor, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes i ei pressemelding.

– Auken i arbeidsløysa er mindre enn vi hadde rekna med i prognosenvår og tilgangen av nye ledige er lågare no enn for eitt år sidan.Det tydar på at arbeidsmarknaden i Sogn og Fjordane fungerer bra,seier Thorsnes.

Ved utgangen av mars er det 1317 personar i Sogn ogFjordane heilt utan arbeid. Dette svarar til 2,3 prosent avarbeidsstyrken. Berre Oppland og Troms, begge med 2,2 prosent, harlågare arbeidsløyse enn Sogn og Fjordane. På landsnivå hararbeidsløysa auka med 8323 personar (10 prosent) frå mars i fjor.Det er no 89334 heilt ledige, tilsvarande 3,3 prosent avarbeidsstyrken. Vestlandsfylka, med unnatak av Sogn og Fjordane, ogAgder-fylka står for det meste av auken.

11 kommunar i Sogn og Fjordane har reduksjon iarbeidsløysa i mars. Størst reduksjon har Vågsøy med 52 færreledige enn på same tid i fjor. Reduksjonen her har kome innanindustrien og byggje- og anleggssektoren. Lågast arbeidsløyse finnvi i Leikanger med 0,9 prosent og Balestrand med 1,1 prosent.Bremanger med 5,0 prosent og Hyllestad med 4,4 prosent, har høgastarbeidsløyse.

Talet på heilt ledigeindustriarbeidarar er det same som i mars i fjor. Innan ingeniør-og ikt-fag er det ein auke på 23 personar, mens reiseliv ogtransport har ein auke på 22 (det meste av dette er kokkar ogsjøfolk i tilknyting til oljeindustrien). I mars er det 243 heiltpermitterte i Sogn og Fjordane, 31 fleire enn i same månad i fjor.130 av dei permitterte kjem frå industri, av dette 102 fråfiskeindustri, mens 58 kjem frå bygg og anlegg.

Auken i arbeidsløysa er størst blant menn over 40 år. Ungdom, ogsærleg unge kvinner, har ei positiv utvikling. Siden mars i fjorhar det blitt 15 færre ledige kvinner under 24 år. Dette skuldastat auken har vore størst innan mannsdominerte yrke innan industriog transport. Det er dobbelt så mange ledige menn (867) som kvinner(450) i fylket.